Marknadsdag i Vågågata

Laurdag 12. desember kl. 10.00–15.00 blir det marknad i Vågågata. Det blir salsboder i Foreiningsgarden, mat og drikke, levande musikk og besøk av nissen.

Handelsstanden i Vågå ynskjer å få med seg fleire på å skape aktivitet i sentrum denne helga, og inviterer difor idrettslag, skuleklassar, lag, foreiningar og privatpersonar til å delta på marknaden.

Her kan du selje alt frå handverk, heimalaga produkt og julebakst til julepynt, bruksting og lokalmat

Har du noko du ynskjer å selje?

Det er gratis å ha stand i Foreiningsgarden. Du riggar og pyntar din eigen stand og tek sjølv med bord, stativ og det du elles treng. Dersom du ynskjer å stå inne, er det mogleg å leige plass i lokala på Foreininga.

For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med Stein Holen på tlf. 957 49 880.

Vi håpar at mange nyttar høvet til å delta, anten som seljar eller besøkande. Ta turen til Vågåmo, gjer julehandelen lokalt og få med deg det som skjer i sentrum denne laurdagen.

Velkomne til marknadsdag i Vågå!