Kva er eigentleg merket for berekraftig reisemål? - Vågå kommune

Kva er eigentleg merket for berekraftig reisemål?

Vågå kommune, saman med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, startar no arbeidet fram mot resertifisering av merket for Berekraftig reisemål. Merket blir tildelt destinasjonar som arbeider langsiktig og systematisk med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping. 

For å bli resertifisert må kommunen dokumentere framgang sidan førre sertifisering. Dette krev eit tett samarbeid med næringslivet, innbyggjarane og fritidsbustadeigarane. Arbeidet skal vere ferdig innan juni/juli 2026.

Merket er for mange kanskje lite kjent, men det fungerer som eit heilskapleg styringssystem for reisemål som ønskjer å utvikle seg på ein berekraftig måte. Ordninga stiller klare krav til dokumentasjon, medverknad og kontinuerleg forbetring innan:

  • miljø- og klimaarbeid
  • samfunnsutvikling og lokalt engasjement
  • verdiskaping og ansvarleg næringsutvikling

 

Som ein del av arbeidet skal det gjennomførast tre undersøkingar i Vågå i løpet av mars

 

Er du interessert i å få vite meir om merket for berekraftig reisemål, så kan du lese om temaet i nyheitsbrevet frå næringsavdelinga. 

Les nyheitsbrevet her