Høyring – søknad om konsesjon til vassuttak for jordvatning frå Svarttjønne i Vågå

  • NVE har motteke søknad frå Ole Tronn Anderssen, datert 16.04.2024, om løyve etter vassressurslova til vassuttak for jordvatning. Søknaden har ved ein inkurie ikkje vorte sendt på høyring før no.

Søkjar har fått løyve til nydyrking og har behov for å vatne arealet. Det nydyrka arealet ligg i nær tilknyting til Svarttjønne ved Sandbu i Vågå kommune.

Det er søkt om konsesjon til eit vassuttak på 11 l/s (40 m³/t). Til saman vert det søkt om eit samla vassuttak på 4 400 m³, fordelt på inntil 1 100 m³ per vatning, og frå 2 til 4 vatningar per sesong. I e-post til NVE er sesongen oppgjeven å vare frå om lag 10.05 til 10.08.

Svarttjønne har eit estimert areal på 0,01 km², og middelvassføringa er berekna av NVE til om lag 19,5 l/s, medan alminneleg lågvasføring er om lag 3 l/s. Uttaket vart i vedtak av 03.05.2022 vurdert som konsesjonspliktig av NVE, på bakgrunn av at uttaket slik det vart lagt fram går ut over alminneleg lågvasføring og dermed ikkje kan tillatast utan konsesjon, jf. vassressurslova § 10.

Søknaden med vedlegg ligg ved. Søknaden skal handsamast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8.

Informasjon om sakshandsaminga finn du på nettsidene til NVE: Konsesjon til vassdragstiltak – NVE

NVE ønskjer å få inn innspel til planane som er presenterte i søknaden

NVE ønskjer konkrete innspel til om planane bør gjennomførast, eventuelt val av alternativ eller forslag til avgrensingar i planane. Vi ønskjer òg grunngjevne forslag til avbøtande tiltak som kan redusere eventuelle ulemper ved gjennomføringa av prosjektet. I tillegg ber vi om eventuelle kommentarar til om søknaden gir tilstrekkelege opplysningar om verknadene av tiltaket.

Alle som har innspel til saka, kan sende inn ei uttale.

Slik sender du inn høyringsuttale

Alle som har innspel til saka, kan sende inn uttale på ein av desse måtane:

  1. Via skjema for uttalar, som du finn på nettsida til saka, www.nve.no/9533/V
  2. Via e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Høyringsuttale saksnummer 202301731» i emnefeltet, og oppgje namn og organisasjonsnummer i innleiinga dersom du representerer ei verksemd)
  3. Via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med «Høyringsuttale saksnummer 202301731», og oppgje namn og organisasjonsnummer i innleiinga dersom du representerer ei verksemd)

Frist for å sende inn uttale er 18.09.2026

Uttalar eller delar av uttalar vil verte refererte i saka. Dersom høyringsuttalen er lang, oppmodar NVE høyringspartane til sjølve å skrive ein kort konklusjon eller eit samandrag. Høyringsuttalane er offentlege dokument, og sentrale saksdokument vert lagde ut på nettsidene til NVE.