Buss til Sankthansfeiring på Maihaugen

Bli med til Maihaugen når Vågå er gjestearrangør av Sankthanskvelden!

Du er sjølvsagt velkommen til å køyre sjølv til Maihaugen denne sommardagen, men du kan også vere med på felles buss tur-retur for 300 kroner. 

Avgang Vågåmo rutebilstasjon
tysdag 23. juni klokka 14.00

Retur frå Maihaugen:
tysdag 23. juni klokka 22.00

Kjøp bussbillett

Inngang til Maihaugen krev eigen billett. Maihaugen rår til kjøp på førehand. Sikre deg inngang her. 

PROGRAMMET STARTAR 17.30:
Oppmarsj med Lalm Musikkforening og Vågå Musikkforening. Tale ved direktør for Maihaugen, Audun Eckhoff, og ordføraren i Vågå, Harald Sve Bjørndal. Salutt ved Waageske Compagnie

Spel, song og dans på scena ved:

  • Martin Steinum Brun
  • Bech & Skeidsvoll New Orleans band
  • Grindstuen og Midtlis orkester
  • Annbjørg og Kristin Akslen Hagen
  • Vågå spel- og dansarlag med dansarar og rekruttar


Liv i husa, sal og demonstrasjon ved mellom anna:

Vågå Husflidslag, Vågå smedlag, Vågå historielag, ULU of Norway, Vågå Ull, Galleri Ullinsvin og Gudbrandsdalsmusea med fleire.

Pluss aktivitetar i regi av Maihaugen.