Bli med på Pizza og Bowling på Klubben

I år som i fjor inviterer kommunane Skjåk, Lom og Vågå gjennom prosjektet Bli hjå oss til ein sosial og triveleg kveld med pizza og bowling på Klubben.

Arrangementet er ein møteplass for tilflyttarar og innbyggarar i Ottadalen som ønskjer å bli kjende med nye folk, utvide nettverket sitt og ha ei hyggjeleg stund saman. Målet er å skape ein uformell arena der ein kan møtast på tvers av kommunane.

Deltakarane får servert pizza, og det blir høve til å prøve seg på både bowling og dart. Arrangementet passar for alle, og det er ikkje nødvendig å vere spesielt interessert i spel for å delta.

– Det viktigaste er ikkje kor mange poeng du får, men at du kjem og er sosial. Dette er ein fin moglegheit til å treffe nye menneske og bli betre kjend med andre unge i regionen.

Det er avgrensa kapasitet på bowlingbanene, så påmelding skjer etter prinsippet «fyrstemann til mølla». Dei som ikkje ønskjer å spele bowling eller dart, er sjølvsagt også velkomne til å delta for det sosiale.

 

Om prosjektet Bli hjå oss

Bli hjå oss er eit samarbeid mellom kommunane Skjåk, Lom og Vågå. Prosjektet arbeider for å styrkje trivsel og bulyst i regionen, og legg til rette for møteplassar og aktivitetar som gjer det enklare å bli kjend med både folk i Ottadalen. 

 

Påmelding: Send e-post til live.brimi@vaga.kommune.no.

Vel møtt til ein triveleg kveld med pizza, aktivitetar og godt selskap! 🍕🎳