Bli med å skape sommarminne laurdag!

Laurdag sparkar ungdom 13-20 år frå heile regionen i gang sommaren når Dovre ungdomsråd og Gudbrandsdalsmusea inviterer til gratis og rusfri ungdomsfestival på Dombås! 

Det blir grilling, konsert, aktivitetar og konkurransar med feite premiar og gode vibes, og du kan oppleve Anakin Justin, William Gamborg og lokale artistar live på scena!

Treng du skyss?

For at alle skal kome seg trygt til og fra arrangementet har Dovre ungdomsråd organisert transport for alle frå Norddalen som melder ifrå om behov. 

Fyll ut skjemaet nedanfor, så ordnar vi resten! Hugs å bestille før 18. juni!

Eg treng skyss!

PROGRAM

Dovre ungdomsskole kl.16.00 - 18.00

Volleyballturnering, ballbinge, dykkekonkurranse, sumobryting og tennis

Minneparken kl. 18.00 - 21.00

Grilling, hinderløype og konsert med både unge, lokale talent, Anakin Justin og William Gamborg! 

 

Anakin Justin

Terningkast 6. Spellemann-nominert. Og no kjem han til Dombås! 

Spellemann-nominerte Anakin Justin er eitt av dei hottaste namna i norsk hiphop akkurat no. Med terningkast 6 i Aftenposten og eit heilt eige sound kjem 21-åringen frå Trondheim til Dombås for å gi deg eit sommarminne for livet.

 

William Gamborg

William Gamborg blandar R&B, melodisk rap og pop til noko heilt eige. Han har toppa Spotify Noreg saman med Morgan Sulele og vore på VG-lista. No spelar han for deg!