Å vere godkjent som trafikksikker kommune er ei viktig anerkjenning av det systematiske arbeidet kommunen legg ned for å førebygge trafikkuhell og sikre trygge vegar for både innbyggjarar og tilsette.
Vågå vart først godkjent som trafikksikker kommune i 2017, og må fornye godkjenninga med jamne mellomrom for å sikre kontinuitet i trafikksikringsarbeidet. I januar 2026 blei godkjenninga formelt fornya på nytt.
Arbeidet med godkjenninga
Prosessen fornyinga byggjer på har mellom anna inkludert:
- Spørjeundersøkingar til kommunens leiargruppe og tilsette i oppvekst, helse og kommunalteknikk om trafikksikkerheitsarbeid.
- Dokumentasjon på systematisk arbeid i skular og barnehagar for å sikre trafikktryggleiken til borna.
- Evaluering av kommunens trafikksikringsplan på innhald og gjennomføring.
Kontinuerleg arbeid
Godkjenninga er ein anerkjenning, men ikkje ein sluttdato – trafikksikringsarbeidet i kommunen er kontinuerleg. Under prosessen kjem det ofte fram innspel og nye forhold som blir tekne med vidare, i mellom anna revisjonen av trafikksikringsplanen for perioden 2026–2029.
Les trafikktryggleiksplanen (PDF, 776 kB)
Innspel frå innbyggjarar
Har du innspel eller kommentarar til det kommunale trafikksikringsarbeidet, er du velkomen til å ta kontakt med kommunen!