Septikrenovasjon

Gudbrandsdal Miljø (G‑miljø) står for tøming av septiktankar på vegne av kommunen. 

Tenesta følgjer eit sjølvkostbasert prinsipp og dekker hushald, hytter, verksemder og institusjonar med enkle anlegg.

Korleis fungerer tenesta?

  • Tette tankar blir tømt kvart år
  • Slamavskiljarar blir tømt kvart andre år
  • Ekstra tømming kan bestillast ved behov
  • Tøming for verksemder skjer etter avtale
  • Tøming og transport til godkjend behandlingsstad blir gjennomført som del av tenesta

Tømminga blir utført av private aktørar, men på oppdrag frå kommunen.

Ditt ansvar som abonnent

Har du problem med septikanlegget (tette røyr, lukt osv.), bør du ta kontakt med fagperson for reparasjon eller avtale spyling/ekstratømming.

Du må sørgje for trygg tilkomst for tømekøyring – med køyresterk veg og fri vegtilkomst. Dersom behov for ekstraarbeid oppstår, kan det verta fakturert.

Kven gjeld ordninga for?

Ordninga gjeld for:

  • Einebustader
  • fritidsbustader 
  • verkstader, mindre bedrifter og institusjonar
  • eigedommar med enkle sptikkløysingar

For å bli med i ordninga må du ha eit godkjent utsleppsløyve. Ta kontakt med teknisk avdeling dersom du treng hjelp til å søkje.

Tømming av septiktank ved private slamavskiljarar/septiktankar med bruk av mobil avvatnar

Når septiktanken blir tømt, blir alt slammet sugd inn i bilen. Kor mykje polymer som blir tilsett, avheng av samansetninga til slammet. Bilen sin teknologi skil deretter vatnet frå slammet. Slammet blir verande i bilen, medan vatnet blir pumpa tilbake i tanken. Septiktanken vil derfor vere nesten full av vatn når tømminga er ferdig. Det vil også vere litt slam igjen i tanken, sidan vatnet blandar det resterande slammet og får det til å flyte til toppen etter ei stund. Mengda slam som er igjen i septiktanken er då svært liten.

Polymeren bind seg til slammet og blir hovudsakleg verande i bilen. Resten av polymeren som er i vatnet, er svært liten og biologisk nedbrytbar, slik at den forsvinn etter ei stund i vatnet. Denne teknologien blir brukt av nesten alle kommunar i landet.

Det avvatna slammet som er igjen i bilen, blir frakta til kommunen sitt område for deponering.