Vågå byr på gode moglegheiter for fritidsbustad, med tomter i både etablerte og nye hytteområde. Fleire av områda ligg nær høgfjell, skiløyper og populære turområde.
Lemonsjøen
Eit kjent fjellområde i Vågå, med hyttefelt som ligg i nærleiken av skisenter, langrennsløyper og turterreng. Området eignar seg godt både for heilårsbruk og aktive friluftsopplevingar.
lemonsjoen.no
Sjodalen Fjellgrend
Herligg hyttefelta tett på Jotunheimen og Sjodalen, med flott utsikt og gode høve for friluftsliv sommar som vinter. Dette er eit område med roleg preg og nærleik til høgfjellet.
sjodalen.no
Det er òg ledige hyttetomter i Utsikten hyttefelt på Tessanden, med sentral plassering i bygda og fin utsikt mot dalen og fjella rundt.
Ved Bringsfjellet Panorama på Lalm finn du tomter som ligg solrikt til med utsyn over Gudbrandsdalen og kort veg til både bygdesenter og friluftsområde.
Ledige tomter i dei to sistnemnde områda vert annonsert gjennom Finn.no.