Masterplan Vågå

Norconsult har på oppdrag frå Vågå kommune utarbeidd ein stadutviklingsplan for dei sentrale delane av kommunesenteret Vågåmo.

Hensikta med stadutviklingsplanen er å identifisere overordna grep som sikrar at eksisterande stadkvalitetar vert ivareteke og styrka i samband med framtidige plan- og byggjeprosessar. 

Arbeidet er gjennomført av Norconsult i tett dialog med ei arbeidsgruppe frå Vågå kommune. 

Arbeidet starta opp hausten 2021, og har bestått av 4 fasar:

  1. Registrering og analuse
  2. Dialog og medverknad
  3. Konsept- og idèutvikling
  4. Tilrådde utformingsprinsipp

Til kvar fase har det vorte utarbeidd ein eigen delrapport. Dei fire delrapportane er samla i dette dokumentet. 

Masterplan Vågå (PDF, 7 MB)