Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel for 2017-2027 bygge på Vågå kommune sin visjon: VÅGÅ – EIT VERDIVAL.
Vågå skal vere ein inkluderande kommune med Vågåmo som eit levande og attraktivt kommunesentrum.

Kvar skal vegen gå for Vågå dei neste åra?

I Vågå skal det liggje til rette for å leve det gode liv.

Vågå er – og skal vere – eit verdival

Det er nokre sentrale tema som det er viktig å ta tak i, både for å møte utfordringar og for å få ei ønskja
utvikling av Vågåsamfunnet. Kommuneplanens samfunnsdel tek for seg fire hovudfokusområde:

Stadutvikling

Levekår

Næringsutvikling

Klima, samfunnstryggleik og beredskap

Innanfor kvart av desse fire hovudfokusområda er ulike satsingsområde nærare omtalt.
Satsingsområda viser kva kommunen ønskjer å rette særskilt fokus på i planperiode. Innanfor kvart satsingsområde er det definert mål. Det er vidare sett opp kva strategiar og vegval kommunen meiner må til for å
nå måla.

Dokument