Konsesjon og konsesjonfridom

Kommunen er konsesjonsstyresmakt for dei fleste eigedomsoverdragingane etter konsesjonslova

Konsesjon

Dersom ervervet er konsesjonspliktig, må det søkast konsesjon. Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Saksbehandlingsgebyr skal vere betalt før søknaden blir behandla. 

Konsesjonfridom

Dei aller fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å søke om konsesjon når ein ervervar eigedom. Les meir om dette på Lovdata.

Imidlertid krev tinglysingsstyresmakta ved tinglysing av heimelsdokument, for eksempel eit skøyte eller ei heimelserklæring ved arv, skifte og uskifte, i dei fleste tilfelle ei stadfesting frå kommunen på at ervervet er konsesjonsfritt. Dette gjerast ved at kjøpar gir opplysingar i ei eigenerklæring om konsesjonsfridom. Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Kommunen stadfestar eigenerklæringa og registrerer oppgitte opplysingar i  matrikkelen, som er det offisielle registeret over fast eigedom. Kvittering sendast avsendar. Dersom avsendar har oppgitt si e-postadresse, blir stadfesting sendt som e-post. 

Behandlinga av eigenerklæring er gebyrfri. 

Særreglar for Vågå: Nedsett konsesjonsgrense

I Vågå gjeld ei eiga forskrift om nedsett konsesjonsgrense, fastsett av Landbruksdirektoratet 4. mai 2023. Forskrifta er vedteken for å sikre at fleire bustader og gardsbruk i kommunen blir brukte som heilårsbustader.

Dette inneber at delar av konsesjonsfridomen blir sett ut av kraft i Vågå, og at fleire eigedomsoverdragingar blir konsesjonspliktige enn elles i landet. Endringa kjem av:

  • mangel på byggjeklare tomter
  • naturfare og jordvern som avgrensar nye bustadområde
  • mange bustader og småbruk utan fast busetnad

Kva eigedomar er konsesjonspliktige i Vågå?

Den nye forskrifta gjer at følgjande ikkje lenger er konsesjonsfrie:

  • Ubebygde tomter regulert til bustadføremål
  • Bustadhus og andre bygde eigedomar som er eller kan brukast som heilårsbustad, inkludert eigedomar under bygging i regulerte bustadområde
  • Overdraging av eigedomar mellom nær slekt (slektskapsunntaket er oppheva i Vågå)

Den tidlegare forskrifta frå 2022 er samstundes oppheva.