Grensepåvisning

Grensepåvising er ei teneste der kommunen viser deg grensene for eigedomen din ute i terrenget, basert på tidlegare dokumentasjon. Dette er nyttig dersom du er usikker på kvar grensa går, eller om du skal sette opp gjerde, byggje eller selje.

Kva er grensepåvisning?

Grensepåvising går ut på å vise fram og klargjere grensene for ein eigedom, enten dei er fastsette med koordinatar frå før (gjennom målebrev eller matrikkelbrev), eller dei er eldre grenser utan eksakt dokumentasjon, til dømes frå skylddeling.

Kommunen gjennomfører ei oppmålingsforretning der ein tolkar eigedomsdokument og samanliknar desse med det som er synleg i terrenget.

Tenesta er heimla i matrikkellova § 17 og matrikkelforskrifta § 36.

Slik går prosessen føre seg?

  • Mottak og kontroll: Når kommunen har fått inn rekvisisjonen, gjer dei ein førebels gjennomgang. Dersom noko manglar, får du melding om det.
  • Varsling: Når alt er i orden, får du og naboane varsling om tidspunkt og stad for oppmålingsforretninga.
  • Oppmålingsforretning: Kommunen møter opp i terrenget, går gjennom grensene og dokumenterer resultatet.
  • Matrikkelføring: Etter oppmålingsforretninga vert grensene ført inn i matrikkelen, og det vert laga matrikkelbrev som vert sendt til rekvirent og andre involverte.

Pris

Det vert kravd eit gebyr for saksbehandlinga etter kommunen sitt gebyrreglement.

Skjema

Du må nytte skjemaet: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.

Lovgrunnlag