Eigarskifte

Når ein grunneigedom eller festegrunn skal skifte eigar, må heimelen overførast med eit skøyte.

Utfylling og tinglysing av skøyte er ei privatrettsleg oppgåve, men kommunen kan gi rettleiing og hjelpe så langt det let seg gjere.

Ved frådeling av nye eigedomar blir heimelen ståande på heimelshavar for den eigedomen det er delt frå. Kommunen kan ikkje føre inn ein annan heimelshavar.

Eit unntak gjeld dersom saka er gjennomført som arealoverføring – då blir heimelsovergangen tinglyst som del av arealoverføringa.

For skjema og meir informasjon kan du følgje lenka nedanfor.
Skjema for tinglysing av eigarskifte

I mange tilfelle må også eigenerklæring om konsesjonsfridom vere registrert av kommunen i matrikkelen før skøyte kan sendast til tinglysing, særleg i kommunar med nedsett konsesjonsgrense.