Forvaltning av kommunale bygg og eigedomar

Eigedomsavdelinga har ansvar for drift og forvaltning av kommunen sine bygg og eigedomar. 

Dette omfattar mellom anna skular og barnehagar, helse- og omsorgsbygg, bustader, kulturbygg og idrettsanlegg.

Målet er at alle bygg til ei kvar tid skal vere trygge, godt vedlikehaldne og tilgjengelege for brukarane. Avdelinga sørgjer for dagleg drift, mellom anna lys, varme og ventilasjon, samt brøyting, strøing og tilrettelegging rundt bygga. Reinthald og godt inneklima blir ivareteke i tråd med gjeldande krav.

Eigedomsavdelinga har òg ansvar for:

  • kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og trygdebustader (om lag 100 einingar)
  • stell av park- og grøntområde
  • delansvar for kyrkjegard, inkludert graving og vedlikehald
  • prosjekt- og byggeleiing av kommunale byggeprosjekt
  • kjøp og sal av eigedom
  • innkjøpsarbeid og rammeavtalar gjennom samarbeid i 6K
  • service og vedlikehald av kommunen sine tenestebilar

Oversikt over bygningsmassen

Oversikt over bygningsmassen
Type byggKvadratmeterKommentar
Skulebygg6 800
Barnehage1 554
Helse- og omsorgsbygg8 943inkl. 25 omsorgsbustader
Administrasjonsbygg3 000
Idrettsbygg2 400
Kulturbygg3 865
Utleigebustader2 24030 einingar
Trygdebustader2 55535 einingar
Andre bygg2 230
Sum33 587