Matrikkelen
Matrikkelen er Norge sitt offisielle register for eigedommar, bygningar og adresser.
Matrikkelen er det offisielle registeret over norske eigedommar. Her finner du offentlege opplysningar om grenser, bygningar, adresser og eigarforhald.
Les meir om matrikkelen
Min eigedom
Ynskjer du å sjå informasjon om din eigedom kan du logge deg på Statens kartverk si løysing Min eiendom.
Min eigedom
Infoland
Infoland er ein formidlingskanal som gjev enkel tilgang til:
- Eigedomsregisteret EDR
- Informasjon frå kommunar, bustadbyggjelag m.v.
- Detaljerte kartdata, eigedomsprofilar m.v.
Infoland
Matrikkelbrev - informasjon om eigedommen din
Som privatperson kan du få ein utskrift av opplysningane som er registrerte på eigedomen din. Dette kallast matrikkelbrev, og har erstatta det som tidlegare vart kalla målebrev.
Slik bestiller du matrikkelbrev
Du kan bestille matrikkelbrev gjennom ein av desse leverandørane:
Ambita Norkart Proconnect
NB!
Spørsmål om bestilling, betaling eller levering må rettast direkte til leverandøren du brukar.
Også firma kan bestille matrikkelbrev frå desse leverandørane.
Kven eig eigedommen?
Lurar du på kven som står som eigar av ein eigedom?
- Privatpersonar kan logge inn med elektronisk ID og sjå informasjon i kommunen si kartløysing.
- Du kan og kontakte Kartverket sitt kundesenter:
For meir informasjon, sjå kartverket si nettside om:
Vil du gjere endringar på eigedommen din?
Dersom du ønskjer å dele, slå saman, seksjonere eller gjere oppmåling, kan du lese meir på desse sidene:
Seksjonering, deling og oppmåling