Søk ferdigattest når du er ferdigNår du er ferdig med å bygge, må du hugse å gi beskjed til kommunen om kva som er bygd. Dette gjeld både små og store tiltak.For tiltak som krev søknad, må du ha fått ein ferdigattest eller eventuelt eit mellombels bruksløyve før du tek bygget i bruk.Vi treng informasjon om alle bygningar i kommunen for å halde oversikta oppdatert – både til bruk i kart og til planlegging framover.Ferdigattest for tiltak med søknadspliktTiltak som er søknadspliktige, skal som hovudregel avsluttast med ein ferdigattest. Ferdigattesten viser at bygget er ferdig, og at det er oppført i tråd med godkjenninga og gjeldande reglar.Slik søker du ferdigattestFyll ut skjemaet Skjema for ferdigattest og send det til Vågå kommune.Mellombels bruksløyveViss det står att berre mindre arbeid før bygget er heilt ferdig, kan du søke om mellombels bruksløyve. Du kan ikkje ta i bruk bygget før dette løyvet er gitt. Skjema for mellombels bruksløyveMelding om tiltak som er unnateke søknadspliktHar du ført opp noko som ikkje krev søknad, må du likevel gi melding til kommunen når arbeidet er fullført. Dette gjer du ved å fylle ut skjemaet Melding om tiltakKvar skal skjema sendastSkjema sendast til Vågå kommune Per e-post til:postmottak@vaga.kommune.no Per post til:Vågå kommune, Edv. Stormsveg 2, 2680 VågåKor lang tid tek det?Behandlingstida for ferdigattest er normalt inntil 3 veker.Sjå gebyrlista for prisar