I 2014 vart det inngått vertskommuneavtale for felles tilsynsteneste mellom Vågå kommune, som vertskommune, og kommunane Lesja, Dovre, Lom og Skjåk som samarbeidskommunar. Vågå kommune har tilsynsleiinga, og samarbeidskommunane stiller med fagtilsyn.
Målet for tilsynstenesta er å gjennomføre tilsyn i minst 10 % av alle byggesakene i kvar kommune kvart år, noko som tilsvarar i overkant av 50 tilsyn pr. år i dei 5 kommunane til saman.