Dersom tiltaket er i tråd med gjeldande plan, kan du gjere det utan å søkje når det gjeld:
Små bygg eller byggverk
- Mindre frittliggande bygg som ikkje kan brukast til bebuelse (bod, leikehus m.m.)
- Litt større bygg som heller ikkje skal brukast til bebuelse eller varig opphald, og som ikkje har kjellar
- Mindre landbruksrelaterte byggverk
Enkle endringar
- Mindre tiltak på eksisterande bygg
- Mindre tiltak utandørs
- Fasadeendringar som ikkje endrar bygningens karakter
- Tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utforming
Andre tiltak
- Tiltak kommunen meiner er små nok til å vere unntatt
- Mellombelse bygg/anlegg som skal stå kortare enn 2 månader
- Visse grenseendringar og eigedomstiltak etter matrikkellova (jordskifte, grensejusteringar m.m.)
Merk: Sjølv om tiltaket er unnateke frå søknad etter plan- og bygningslova, kan du framleis trenge løyve frå andre myndigheiter (t.d. vegvesen, landbruk, kulturminnemyndigheit).