I delar av året stillast det ekstra krav til hundehald i Vågå kommune. Reglane skal sikre tryggleik for beitedyr i utmark, og det er viktig å kjenne til kva som gjeld – og kven som er unntekne.
I Vågå kommune er det utvida bandtvang frå 1. april til 1. oktober. I denne perioden skal hundar haldast i band, eller vere forsvarleg innestengde eller inngjerda. Reglane gjeld i område der husdyr har rett til å beite – og der det faktisk går beitedyr.
Dette er heimla i hundelova § 6.
Kven gjeld reglane ikkje for?
Føresegna gjeld ikkje i desse tilfella:
- Gjetarhundar i arbeid
- Tenestehundar i arbeid eller under lovleg trening/prøving
- Hundar i bruk ved ettersøk av skadd eller sjukt vilt
- Jakthundar under lovleg jakt, trening eller prøving – når dei er under kontroll av eigar/innehavar
- Hundar nytta til lovleg uttak av rovvilt
- Organisert trening av brukshundar
Ved brot på reglane
Å bryte reglane om bandtvang kan vere straffbart, jf. hundelova § 28.