Vågå kommune tek grep for klima og energi. Dei globale klimautfordringane kan verke store, men også små handlingar i kvardagen har betydning. Med kampanjen «Kå keinn e gjera?» ønskjer kommunen å vise korleis kvar og ein kan bidra.
Målet er å auke kunnskapen om klima og energi, både blant innbyggarar og tilreisande, og gjere det enklare å ta miljøvenlege val – heime, på jobb og i fritida.
Ein levande klimaplan
Vågå kommune har vedteke ein klima-, energi- og miljøplan for å ta vare på naturen, redusere utslepp og styrke lokalsamfunnet for framtida.
For at planen skal ha effekt, må han vere i bruk – ikkje berre liggje i ei skuff.
Difor blir planen gjort levande gjennom korte filmar som viser konkrete tiltak frå tiltaksdelen, og korleis dei kan gjennomførast i praksis – både av enkeltpersonar, verksemder og lokalsamfunn.
Om filmserien
Filmserien «Kå keinn e gjera?» viser:
- kva kvar enkelt kan bidra med
- enkle og konkrete tiltak
- døme frå kvardagen i Vågå
Her møter du både barnehagar, skular, næringsliv, frivillige og privatpersonar som viser korleis små grep kan utgjere ein forskjell.
Målet er å gjere planen:
- lett å forstå
- enkel å ta i bruk
- engasjerande for alle
Matavfall – frå søppel til ressurs
I den første filmen møter vi Marit Svanborg, ny dagleg leiar i NGR.
Visste du at matavfall ikkje er søppel, men ein ressurs? I Vågå blir matavfall no sortert i alle hushaldningar. Restar som bananskal, kaffigrut og grønsaker kan bli til biogass og kompostjord.
Vil du se denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapsler.
Kå keinn e gjera - med restane frå i går?
Anna og Idunn viser kor enkelt det er å bruke restemat. Med grønsaker som begynner å bli slappe, egg, skinke og restar frå middagen, lagar dei ein enkel og god rett.
Matsvinn er ei stor utfordring, men mykje kan gjerast heime på kjøkkenet.
Vil du se denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapsler.
Kå keinn e gjera - for å redusere matsvinn?
I Lalm barnehage viser barna korleis dei handterer matavfall: dei komposterer det.
Kompostering er ein enkel og miljøvenleg måte å redusere matsvinn på, og her ser vi at alle kan bidra – også dei minste.
Vil du se denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapsler.
Kampanjen er finansiert av Innlandet Fylkeskommune.