Bål og bråtebrenningHer finn du reglane for bål og bråtebrenning i Vågå, og kva ansvar du har når du skal brenne ute.Det er forbode å gjere opp eld frå 15. april til 15. september i skog og utmark, eller i nærleiken av vegetasjon som kan ta fyr.Du kan likevel gjere opp eld dersom det er openbert at det ikkje er fare for brann. Ver alltid varsam og vurder forholda nøye.Når du skal brenne bål eller bråteLovleg brenning skal registrerast same dag hos Alarmsentral Brann InnlandetRegistrering skjer via eige skjemaDet er du som tenn bålet som har ansvaretVer merksam på at:Brannvesenet eller 110-sentralen gir ikkje godkjenning til bålbrenningDu må sjølv setje deg inn i lokale reglarDu kan bli økonomisk ansvarleg dersom det oppstår brann eller brannvesenet må rykke utBål kan bli kravd sløkt dersom det kjem klager, til dømes på røykViktigBrenning skal vere avslutta før det blir mørktOm du vil lese forskrifta i si heilheit finn du den her:Lokal forskrift: Om open brenning og brenning av avfall i småovner