Masterplanen Gudbrandsdalen 2030
Reiselivet er i rask endring, med nye krav til berekraft, samarbeid og profesjonalitet. For å gripe moglegheitene som ligg fram mot 2030 har reiselivsselskapa i Gudbrandsdalen gått saman om ein felles masterplan som peikar ut retning for ei berekraftig og samanhengande opplevingsregion. Masterplanen skal styrkje både verdiskaping, lokalsamfunn og merkevara Gudbrandsdalen.
Denne vart utvikla av Visit Jotunheimen, Nasjonalparkriket reiseliv og Visit Lillehammer
Reiselivet er ein sentral drivkraft for verdiskaping og sysselsetting i Gudbrandsdalen, men næringa står samstundes overfor store endringar og krevjande rammevilkår. Med eit mangfald av opplevingar, sterke natur- og kulturressursar og eit stort potensial for vidare vekst, ligg det gode moglegheiter for å styrkje Gudbrandsdalen som ei leiande og berekraftig reiselivsregion. Masterplanen gir ei felles retning for korleis reiselivet kan utviklast fram mot 2030 gjennom tettare samarbeid, målretta satsingar og betre samspel med lokale og regionale myndigheiter. Målet er å auke verdiskaping, sysselsetting og heilårsaktivitet, samstundes som klima- og miljøbelastninga blir redusert og omsynet til lokalsamfunna ligg fast.
Masterplan Gudbrandsdalen 2030 (PDF, 4 MB)
Berekraftig reisemål
I 2022 vart Vågå kommune, saman med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, sertifisert som berekraftig reisemål.
Merket for berekraftig reisemål er ei nasjonal merkeordning utvikla av Innovasjon Noreg. Ho fungerer som eit styringssystem for reisemål som vil arbeide langsiktig og systematisk med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping.
Merket viser at eit reisemål:
- jobbar kontinuerleg med forbetringar, sjølv om det ikkje er 100 % berekraftig
- kartlegg og dokumenterer status innan miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
- evaluerast kvart tredje år, og må vise framgang for å bli resertifisert
Ordninga stiller tydelege krav til samarbeid mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn, og er bygd på ein omfattande standard med kriterium og indikatorar.
Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning
Vågå kommune går nå i gang med arbeidet fram mot resertifisering av merket for Berekraftig reisemål. Merket blir tildelt til destinasjonar som jobbar langsiktig og systematisk med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping. For å bli resertifisert må kommunen dokumentere framgang sidan sist sertifisering – og dette krev tett samarbeid med næringslivet.