Søk om tilskot frå næringsfondet

Alle verksemder som har adresse i Vågå, eller som planlegg å etablere seg i kommunen, kan søkje om støtte frå det kommunale næringsfondet. Søknadane blir handsama fortløpande.

Vågå kommune forvaltar eit kommunalt næringsfond som skal bidra til utvikling av næringslivet i kommunen. For å sikre god rettleiing og kvalitet i søknadane, ber vi alle søkjarar om å ta kontakt med næringsavdelinga før dykk sender inn søknad. 

Tidleg dialog bidreg til at prosjektet vert godt utforma og at søknaden inneheld naudsynt dokumentasjon.

Krav til søknaden

Ein fullstendig søknad skal innehalde:

  • Kort beskriving av prosjektet og kva ein ønskjer å oppnå
  • Budsjett med oversikt over kostnader
  • Finansieringsplan, inkludert kva ein søkjer støtte til frå næringsfondet og eventuelle andre kjelder

Søknader utan tilstrekkeleg informasjon kan bli avvist eller sendt i retur for komplettering.

Støttegrunnlag

Vågå kommune kan gi støtte på inntil 50 % av godkjente kostnader, men i dei fleste tilfelle vil tilskotet vere lågare enn maksimalgrensa. Det er difor viktig at finansieringsplanen er realistisk og viser korleis tiltaket skal gjennomførast.

Behandling av søknadar

  • Søknadar på inntil 30 000 kroner kan behandlast administrativt etter delegert mynde.
  • Søknadar over 30 000 kroner skal handsamast politisk og vert difor behandla i samsvar med møtekalenderen til utvalet.

Andre støtteordningar

Innovasjon Norge Forskningsrådet SkatteFUNN Innlandet fylkeskommune 

Kommunen kan hjelpe deg å finne aktuelle ordningar for di bedrift.

Vedtekter for kommunalt næringsfond

Sak 47/16. Vedteke formannskapet 06.09.2016 Sak 50/16 Vedteke Kommunestyret 20.09.2016