Vågå og sel landbrukskontor
Landbrukskontoret skal leggje til rette for ei aktiv og berekraftig landbruksnæring i Sel og Vågå. Vi gir rettleiing til gardbrukarar og bidreg til at dei kan nytte dei ordningane som er knytte til jordbruksavtala.
Vi arbeider også med næringsutvikling på den enkelte eigedom og i tilknyting til landbruket.
Kva gjer landbrukskontoret?
Landbrukskontoret:
- førebur saker etter gjeldande lovverk og forskrifter
- behandlar saker som er delegert til kommunen
- gir råd og rettleiing til næringsutøvarar i landbruket
Tenester vi tilbyr
Vi arbeider mellom anna med:
- økonomisk planlegging (Innovasjon Noreg og BU-midlar)
- tilskot og støtteordningar i landbruket
- katastrofeordningar (t.d. avlingsskade)
- organisert beitebruk
- landbruksvikarordninga
- ferie- og fritidsavløysing
- sjukdomsavløysing
- tidlegpensjonsordninga for jordbrukarar
Vi har også ansvar for:
- lovforvaltning (jordlov, forpaktingslov, beitelov, odelslov m.m.)
- areal- og kulturlandskapstilskot
- kulturminne i landbruket
- tiltak mot forureining og avrenning
Informasjonsskriv frå landbrukskontoret
Her finn du tidligere utgåver av Landbruksinfo:
Nyttige lenker og skjema
Her finn du nyttige ressursar for landbruket:
Skjema:
Sist endret 07.05.2026 19.54