Det blir gjeve tilskott til nyinvestering, ikkje til årlege driftskostnader.
Tiltaket skal ikkje vera påbegynt før søknadsåret.
Søknader blir behandla fortløpande i Sel og søknadsfrist 1. februar i Vågå.
Fellestiltak vil bli prioritert om tilskotsramma blir for lita.
Dersom eit tiltak har fått løyvd statleg støtte skal ikkje det kommunale og statlege tilskotet overstige 50%. Det er unntak for ungskogpleie, der det kommunale og statlege tilskottet kan utgjere inntil 75%.
Det skal liggja ved plan, kostnadsoverslag og finansieringsplan til søknaden.
Minste tilskottsgrunnlag for tiltaka: nyanlegg veger, bygningsinvesteringar og vassvegar/damanlegg/vatningsanlegg er kr. 20.000, kr. 10 000 for tilrettelegging for naudstraumsaggregat i Vågå.
Tilskottet blir utbetalt etterskottsvis etter tilvising frå landbrukskontoret. Tilskottet blir utbetalt etter rekneskap.
Sel
Ved fellesanlegg med store kostnadar og mange deltakarar bør det kunne reisast politisk sak for å vurdere om maksimal støttesats på kr. 40 000,- kan overskridast.
Vågå
Der det er fleire enn ein deltakar i anlegget, kan det maksimale tilskottet aukast med 5 000 kr pr. deltakar, men ikkje meir enn til 45 000 kr.