Fjellandbruk

Det finst 71 fjellkommunar i Noreg. Desse utgjer om lag 30 % av landarealet og er fordelte på åtte fylke i Sør-Noreg.

Fjellregionen står for ein viktig del av norsk landbruk og matproduksjon.

Sjå rapport: Fjellandbruk i tal frå Nasjonalt senter for fjellandbruk

Kvifor er fjellandbruk viktig?

Fjellandbruket har fleire viktige fortrinn:

  • Matproduksjon og beredskap
    • Fjellandbruket bidreg til lokal matproduksjon og er viktig for sjølvforsyning, spesielt i krisesituasjonar.
  • Klima og miljø
    • Landbruk basert på utmarksbeite i fjellet er ein klimavennleg måte å produsere mat på. Samtidig bidreg det til å ta vare på biologisk mangfald.
  • Næringsliv og sysselsetting
    • Fjellandbruket skaper arbeidsplassar i distrikta og er viktig for å halde oppe busetjinga. Ein arbeidsplass i jordbruket gir ringverknader i anna næringsliv.
  • Kunnskap og tradisjon
    • Bønder i fjellområda har viktig kunnskap om drift under krevjande forhold, og bidreg også i lokalsamfunnet på fleire områd