Finn informasjon og søk om spelemidlar

Spelemidlane er ei statleg tilskotsordning til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

Informasjon om spelemidlar og prosess

Alle som søkjer spelemidlar, må vere registrerte i Einingsregisteret og ha organisasjonsnummer. Anlegget må vere ein del av kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Unntaket er orienteringskart og skilting/merking av eksisterande turløyper og turstiar. Dersom det er eit nytt anlegg som skal lagast, må dette opprettast først av saksbehandlar i kommunen. Det er berre anleggseigar som kan søkje tilskot.

All informasjon finn du i heftet: "Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet", her kan det vere endringar fra år til år. 

Det er to typar anlegg:

Krav til dokumentasjon

  •  Informasjon om søkjarorganisasjon, kontaktinformasjon og kontonummer
  • Informasjon om kva som skal byggjast/rehabiliterast
  • Behovsvurdering, vedlegg nr. 7 i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet»
  • Målsatte planteikningar, krav om universell utforming
  • Oversikt over kostnader, blir fylt inn i søknadsskjemaet. Merk at det ikkje er alle kostnader som er søknadsberettiga
  • Søknadsbeløp og øvrig finansiering. All finansiering må dokumenterast
  • Gards- og bruksnummer. Avtalar med private grunneigarar som ikkje er tinglyste, må leggjast ved

Alle søknader som framleis ikkje har fått tilsegn om spelemidlar, må fornyast kvart år. Har anlegget allereie fått tilskot, skal søknaden gjentas. Søknaden kan endrast frå år til år dersom det er behov, til dømes ved endringar i kostnader. Søknaden ligg i www.anleggsregisteret.no, så det er berre å justere og sende inn på nytt.

Sjå utfyllande informasjon

Informasjon i anleggsregisteret

Føresegner frå Kulturdepartementet 

Om momskompensasjon for anlegg frå lotteri- og stiftelsestilsynet

Søknad

Søknader leveres elektronisk på anleggsregisteret sine sider. Her finn ein også skjema som skal nyttast, til dømes reiknskapsskjema ved rapportering og utbetaling. Dette skjer elektronisk. 

Søk om spelemidlar i anleggsregisteret

Rettleiing 

Kommunen ønskjer å vere aktivt involvert og leggje til rette for informasjon, rettleiing og kontroll av planane undervegs i søknadsprosessen.