Om kulturskulen

Velkomen til Vågå kulturskule

Eit skule-, fritids- og kulturtilbod

Hos oss får du moglegheita til å lære, skape og uttrykkje deg gjennom mange ulike fag og aktivitetar.

Kulturskulane i Noreg er forankra i opplæringslova §13–6, som seier at:

«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.»

Å vere elev ved Vågå kulturskule

Om du blir tatt opp som elev ved Vågå kulturskule, må du følgje reglane for kulturskulen. 

Den som får tilbod om plass får eit "forventningsnotat" som både elev og føresette skal sette seg inn i samband med skulestart om hausten. Dette notatet seier m.a. noko om øving, frammøte, respekt for lærarar og medelevar, motivasjon, samarbeid mellom kulturskulen og heimen, samt oppfølging av eleven sin innsats og utvikling.

Påmelding til kulturskulen er bindande

Om du får plass og takkar ja til plassen vil du få rekning for fyrste halvåret, uansett om du byrjar eller ikkje. 

Dette m.a. av omsyn til kontraktar som blir gjort med lærarane og økonomien i kulturskulen. I mars vil ein få eit brev der ein seier frå om ein vil halde fram eller ikkje. 

Rammeplan og mål for kulturskulen

Les meir om nasjonale mål og rammer for kulturskulane her:

Kulturskulen skal:

  • gje alle elevar moglegheit til å utvikle kunnskap og dugleik i kunstfag
  • gje rom for å finne og formidle eigne uttrykk
  • styrke estetisk, sosial og kulturell kompetanse
  • fremje kritisk refleksjon og sjølvstendige val
  • gje moglegheit for fordjuping og vidare utdanning innan kunst og kultur
  • samarbeide med skuleverket for eit heilskapleg tilbod
  • vere eit lokalt ressurssenter som styrkjer kulturell kompetanse i lokalsamfunnet