Sykkel

Vågå og Ottadalen byr på flotte sykkelopplevingar – frå korte turar i nærområdet til lengre turar gjennom mektig natur.

Vågå er eit ideelt utgangspunkt for sykkelturar i Jotunheimen og fjellområda rundt. Her finn du eit omfattande nettverk av sykkelstiar som tek deg gjennom variert terreng og ofte endar opp nær sentrum av Vågå. Du kan også prøve deg på den flotte Slådalsvegen, ein grusveg som går over til Lesja og byr på fine naturopplevingar undervegs.

Nedanfor finn du lenker til sider med forslag til turar og ruter.

Panorama Ottadalen

Vil du prøve ein lengre tur? Panorama Ottdalen er ein merka sykkelveg frå Lom til Otta.
Meir informasjon finn du her: Panorama Ottdalen på Ride with GPS.

Visit Jotunheimen

Sjekk også ut Visit Jotunheimen for meir tips og informasjon om sykling i Jotunheimen