Kvennberget på Lalm

Kvennberget (Tolstadkvennberget) på Lalm er eitt av dei eldste områda i landet for produksjon av kvernstein.

Skriftlege kjelder tyder på at det var drift her alt på 1400-talet, men det er sannsynleg at verksemda kan ha starta så tidleg som i vikingtida. Frå Kvennberget vart det eksportert kvernstein både innanlands og til utlandet. Området vart freda som kulturminne i 1987.

På Lalm samfunnshus finn du ei utstilling om historia til kvernsteinsproduksjonen. 

  • Ta kontakt på telefon 480 22 559 dersom du ønskjer å besøkje utstillinga.

Det er skilta til Kvennberget frå Rv 15 ved Lalm samfunnshus.

Du kan lese eller sjå meir her:

Kart

Kar kvennberget - Klikk for stort bilde