På nettsidene til Vågå fjellstyre finn du full oversikt over jakt og fiske, samt moglegheit for kjøp av kort på nett.
Fiske
Det er felles fiskekort for dei fleste elvar og vatn i Langmorkje statsallmenning og utvalde vatn i Vågå. Kortet gjeld også nokre område i Nordherad statsallmenning.
Utanbygdsbuande kan drive stongfiske i alle vatn og elvar, og har tilgang til garn- og oterfiske i utvalde vatn. Innanbygds har utvida fiskerettar. Isfiske er tillate på alle vatn.
Merk at enkelte private vatn og elvestrekningar ikkje er inkluderte i fiskekortordninga.
Kjøp fiskekort
Jakt
Storvilt
Det er jakt på elg, hjort og rådyr i Langmorkje statsallmenning, med årleg avskyting på om lag 40 elgar, 10–15 hjortar og rundt 10 rådyr. I Nordherad statsallmenning er det òg villreinjakt, men med svært avgrensa kvote.
Sjå Vågå fjellstyre for fullstendig informasjon, kart og søknad.
Småvilt
Fjellområda rundt Sjodalen er lett tilgjengelege og svært populære for jakt på rype, skogsfugl og hare.
Sjå Vågå fjellstyre for fullstendig informasjon, kart og søknad.
Smårovvilt
Vågå har ei felles ordning for jakt på smårovvilt, etablert for å auke interessa, kunnskapen og uttaket av desse artane. Målet er å styrkje bestandane av småvilt, rådyr og husdyr, samt gi eit betre jakttilbod i kommunen. Jaktkortet gjeld mellom anna rev, mår, mink, røyskatt, grevling og fleire kråkefuglar.
Sjå Vågå fjellstyre for fullstendig informasjon, kart og søknad.