Framtidig tenesteyting i kommunen
Kommunen skal levere gode tenester til innbyggjarane også i framtida. Samstundes endrar behov, økonomi og tilgang på arbeidskraft seg. Nå er det eit gap mellom det vi ønskjer å levere, og det kommunen har kapasitet til å levere.
Vi ønskjer innspel på korleis vi kan utvikle tenestene framover.
- Kva meiner du er viktigast å prioritere?
- Kva forventningar har du til kommunen sine tenester?
- Kva kan kommunen og innbyggjarane samarbeide om?
Eigenberedskap
Eigenberedskap handlar om at vi skal kunne klare oss sjølve i ein krisesituasjon. Dess betre rusta den enkelte av oss er, dess meir ressursar frigjer vi til dei som treng det mest.
- Korleis kan vi saman bli betre førebudd?
- Kva treng du for å klare deg heime i ei veke utan straum, vatn eller butikk?
Arealplan
Arealplanen er ein overordna plan for heile kommunen som viser hovudtrekka for arealbruken, til dømes kvar det skal vere bustader, næring, landbruk og friområde. Arealplanen legg føringar for korleis kommunen skal utvikle seg i framtida.