Middag på døra

Vi tilbyr levering av middag til eldre og personar med funksjonsnedsetting som har utfordringar med å lage middag sjølve. Målet er å bidra til at du skal kunne bu trygt og godt i eigen heim, med eit godt og næringsrikt måltid kvar dag.

Matombringing skal medverke til at heimebuande som ikkje er i stand til å lage middag sjølve får tilstrekkeleg ernæring. Tenesta er for heimebuande som ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov på grunn av fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming.