Kvar kan du ta kontakt for hjelpemiddel og tilrettelegging?
Dersom du har behov for hjelpemiddel eller tilrettelegging i kvardagen, finst det fleire stader du kan vende deg for råd og hjelp:
Kommunen
Ta kontakt med ergoterapeut/hjelpemiddelformidlar i kommunen for å kartlegge behovet ditt og få hjelp til søknadsprosessen.
Kommunen: Ring 488 93 996 (ergoterapeut)
Nav
Du kan kontakte Nav for å avtale møte, stille spørsmål eller få skriftleg svar. Dei kan også hjelpe deg vidare i søknadsprosessen.
Nav: Ring Nav på 55 55 33 33 for å avtale møte eller få rettleiing.
Nav hjelpemiddelsentral
Her kan du få råd om hjelpemiddel, bestille varer, eller få hjelp til å søkje om utstyr. Dei har eit breitt utval av hjelpemiddel og teknologi som kan gjere kvardagen enklare for personar med nedsett funksjonsevne.
Nav hjelpemiddelsentral: Du finn meir informasjon på nav.no/hjelpemidler.