Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som ønskjer å bli meir sjølvstendig i kvardagen etter funksjonsfall. Gjennom målretta trening i eigen heim og nærmiljø får du støtte til å meistre daglege gjeremål og gjenvinne funksjon.

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod om intensiv trening i daglege gjeremål, tilrettelegging og støtte til meistring for heimebuande som har opplevd eit fall i funksjon.

  • Treninga føregår i eigen heim eller i nærmiljøet
  • Tilbodet er gratis
  • Det er tidsavgrensa og varer vanlegvis i om lag 4 veker

Kven er tilbodet for?

Kvardagsrehabilitering kan vere aktuelt for deg som:

  • bur heime
  • opplever at det har vorte vanskelegare å meistre eller delta i kvardagsaktivitetar etter funksjonsfall
  • ønskjer å trene for å bli mest mogleg sjølvhjelpen i dagleglivet

Kva gjer vi?

I kvardagsrehabilitering samarbeider vi tett med deg:

  • Vi set mål saman, med utgangspunkt i kva som er viktig for deg i kvardagen
  • Du får oppfølging av eit fagteam med fysioterapeut, ergoterapeut og representant frå heimetenesta
  • Treninga blir planlagd og gjennomført saman med deg, med fokus på dine mål og behov

Slik tek du kontakt

Kvardagsrehabilitering er eit lågterskeltilbod.

Du kan:

  • ta direkte kontakt med tildelingskontoret
  • få hjelp av pårørande, fastlege eller anna helsepersonell til å ta kontakt

Kontaktinformasjon Tildelingskontoret

Telefon: 453 43 573/488 57 012

E-post: tildeling@vaga.kommune.no