Kreftkontakt

Har du, eller nokon du er glad i, fått ei kreftdiagnose? Da finst det god hjelp og støtte å få. Kreftkontaktene er her for å lytte, støtte og hjelpe deg gjennom det som kan vere ei krevjande tid.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Som kreftkontaktar kan vi vere ein trygg samtalepartnar og bidra med:

  • Støtte og rettleiing for å meistre sjukdommen i kvardagen
  • Oppfølging før, under og etter behandling
  • Støtte til deg som er pårørande
  • Hjelp til å lindre symptom, i samarbeid med fastlege og anna helsepersonell
  • Hjelp til kontakt med sjukehus og spesialistar om det trengst

Ta gjerne kontakt

Du er velkomen til å ta direkte kontakt med oss. Du kan også be legen din, sjukehuset eller andre helsearbeidarar hjelpe deg med å formidle kontakt.

Vi er her for deg — uansett kor du er i sjukdomsforløpet.

Kreftkontakta er tilgjengeleg kvar tysdag, og telefonen er bemanna kvardagar frå kl 12:00- 15:00. Tysdagar er telefonen bemanna kl 07:30-15:00. Telefonnummer: 916 37 663.

Kreftkontakt kan og nåast pr e-post: kreftkontakt@vaga.kommune.no