Koronavaksine og influensavaksine

Vaksinering er eit viktig tiltak for å beskytte dei som kan bli alvorleg sjuke, og vi oppmodar alle som er i risikogrupper til å ta koronavaksine og influensavaksine.

Det blir lagt til rette for denne vaksineringa i oktober/november. 

Ansvarleg for vaksineringa er legekontoret.

Kven bør vaksinere seg?

Influensavaksine og/eller koronavaksine blir tilrådd for:

  • Personar over 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Personar med kroniske sjukdomar
  • Bebuarar i omsorgsbustader og institusjonar
  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Personar med nedsett immunforsvar

Har du spørsmål om du er i ei risikogruppe? Ta kontakt med fastlegen din eller helsestasjonen.

Når og kvar kan du få vaksine?

Informasjon om tidspunkt og stad for vaksinering blir kunngjort her på heimesida, i sosiale media og gjennom oppslag i nærmiljøet når det nærmar seg. 

Slik bestiller du time:

Du kan bestille time ved å:

  • Ring Vågå helsesenter 61293700
  • Eller møte opp på drop-in-dagar som blir annonsert

Kvifor vaksinere seg?

Influensa og covid-19 kan gi alvorleg sjukdom hos sårbare grupper. Vaksinering er eit trygt og effektivt vern – både for deg sjølv og for dei rundt deg.