Helsestasjon 0-5 årHelsestasjon 0-5 år er eit gratis tilbod for barn og føresette, frå fødsel til skulestart. Her kan du som føresett få hjelp og rettleiing frå helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut. Kontakt ossVi ynskjer å vere ein god samtalepartnar, og du kan ta opp det som måtte vere viktig for deg – anten det handlar om amming, søvn, gråt, kosthald, utvikling eller foreldrerolla generelt. Ingen spørsmål er for små.Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt med helsestasjonen når som helst i småbarnsperioden. Korleis får du kontakt med helsestasjonen?Du kan sjølv ta kontakt med helsestasjonen ved spørsmål eller behov. Flyttar du til Vågå, blir helsekortet til barnet overført frå tidlegare helsestasjon. Har du fått barn, vil vi ta kontakt med deg så snart vi har fått melding frå sjukehuset.Helsestasjonsprogrammet 0-5 årHelsestasjonen tilbyr jamlege konsultasjonar som følgjer eit standardisert program. Den første konsultasjonen er eit heimebesøk til nyfødde.Barn i alderen 0–5 år får fleire vaksiner gjennom barnevaksinasjonsprogrammet i Norge. Desse vaksinene blir gitt på helsestasjonen og er gratis. Målet er å beskytte barna mot alvorlege sjukdomar tidleg i livet. 1-2 vekerHeimebesøk til nyfødt ved helsesjukepleiar. 4 vekerIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar. 6 vekerIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar og legeVaksine mot rotavirus8 vekerIndividuell konsultasjon med mor: samtale om psykisk helse.3 månadarIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiarVaksinarrotavirusdifteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt Bpneumokokksjukdom4 månadarGruppekonsultasjon med helsesjukepleiar og fysioterapeut.5 månadarIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiarVaksinar:difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt Bpneumokokksjukdom 6 månadarIndividuell konsultasjon ved helsesjukepleiar og lege.8 månadarIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar.10 månadarIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar.12 månadarIndividuell konsultasjon ved helsesjukepleiar og legeVaksinardifteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt Bpneumokokksjukdom 15 månadarIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiarVaksine mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR-vaksine)18 månadarIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar.2 årIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege.4 årIndividuell konsultasjon med helsesjukepleiar Motorisk gruppe med fysioterapeut i barnehagen5 årMotorisk gruppe med fysioterapeut. Individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege, går føre seg etter skulestart. Ynskjer du å vite meir om helsestasjon for barn 0-5 år, og kva du kan forvente? Les meir på helsenorge.noAnsvarleg for tenesta: Vågå helsestasjon Sist endret 21.04.2026 14.14