Syn og høyrsel

Merkar du at høyrselen eller synet ikkje er som før? Då kan det vere lurt å ta ein test. Her finn du informasjon om korleis du går fram, kven du kan kontakte og kva som er lurt å vite.

Høyrselstest

Slik går du fram:

  1. Snakk med fastlegen din:
    Ta kontakt med fastlegen om du er uroa for høyrselen din. Dei kan vurdere situasjonen og gi deg råd om vidare undersøking. Du får også teke hørselstest når du er hjå fastlegen. 
  2. Få henvisning
    Om det trengst, kan fastlegen henvise deg til ein øyre-nase-hals-lege eller ein audiograf for ein grundigare høyrselstest og vurdering

Synstest

Slik går du fram: 

  1. Bestill time hjå optikar:
    Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å gå til optikar. Du kan sjølv ta kontakt med ein optikar i området eller i nærliggande kommunar for å få ein synstest.
  2. Snakk med fastlegen om nødvendig:
    Om du har andre helseplager knytt til synet, som smerter, betennelse eller brå forverring av synet, bør du kontakte fastlegen. Dei kan vurdere om du bør tilvisast vidare til augelege.
  3. Tilvising til augelege:
    Dersom det er behov for vidare undersøking, kan fastlegen tilvise deg til ein augelege for meir grundig sjekk og eventuell behandling.

Viktig å vite:

  • Du betalar sjølv for synstest hjå optikar, men enkelte testar kan vere dekte dersom det er medisinsk grunnlag for vidare undersøking hjå augelege.
  • Born under 16 år må ha tilvising frå fastlege for å få dekt undersøking hos augelege gjennom det offentlege.
  • Ved akutt synsnedsetting eller augesmerter bør du kontakte legevakt eller fastlege snarast.