Tilrettelagt arbeid og aktivitet

Solhaug dagsenter er ein arbeidsplass for personar med ulike funksjonsnedsettingar, der vi legg til rette for meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver i trygge og inkluderande omgjevnader.

Dagsenteret er ein viktig møteplass der både arbeid og aktivitet gjev struktur og innhald i brukaranes kvardag. 

Hjå oss står trivsel, sosialt samvær og mestring i fokus, og målet for dagsenteret er å skape ein god og variert arbeidskvardag der alle kan kjenne meistring og fellesskap. 

Besøk oss gjerne!

Vi set pris på besøk frå bygdefolk, kundar og samarbeidspartar. Kom gjerne innom for å sjå på produkta våre og slå av ein prat med oss. 

Solhaug dagsenter er ein viktig del av Vågå sitt tilrettelagde arbeid- og aktivitetstilbod, der vi legg vekt på eit inkluderande arbeidsmiljø med rom for alle. 

Kontakt oss:

Telefon: 97128444

E-post: dagsenteret1@vaga.kommune.no 

Adresse: Sjårdalsvegen 604, 2680 Vågå