4.1 Søknad
Søknad om leige av kommunal bustad, byte av kommunal bustad eller forlenging av leigeavtale, skal saman med nødvendig dokumentasjon sendast elektronisk via Vågå kommune si heimeside eller sendast/leverast Servicetorget i Vågå kommune. Standard søknadsskjema skal nyttast.
Søkjaren pliktar å gi nødvendige opplysningar og leggje ved dokumentasjon som har betydning for søknaden. Søkjaren gir samtykke gjennom søknaden til at kommunen kan utveksle informasjon som er nødvendig mellom samarbeidande tenester i saksbehandlinga av søknaden.
Dersom søknaden er ufullstendig eller manglar dokumentasjon, får søkjaren skriftleg beskjed om kva som manglar. Dersom manglande opplysningar ikkje blir leverte innan fristen, blir søknaden avslegen.
4.2 Vedtak
Kommunedirektøren eller saksbehandlar med delegert fullmakt fattar vedtak etter desse retningslinene.
Når nokon ved søknad eller på annan måte ber om bistand frå kommunen, skal kommunen ta stilling til om personen er vanskelegstilt i bustadmarknaden. Avgjersle om å gi eller avslå bistand, er enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet, § 7.
Vedtak om tildeling av kommunal bustad skal vera grunngjeve etter kapittel 2 i retningslinene, og skal innehalde lengde på leigeavtala, leigeareal og talet på rom, total månadleg leigesum, eventuelt depositum, eventuelle vilkår for tildeling av bustaden etter punkt 2.6 og 2.7 i retningslinene, frist for aksept av tilbodet og informasjon om klagerett.
Dersom søkjaren oppfyller vilkåra for tildeling av kommunal bustad etter kapittel 2 i retningslinene, men utan at det er tilgjengelege bustader å tildele, skal det fattast vedtak om at søknaden er innvilga og søkjaren må stå på venteliste. Dersom kommunen ikkje har funne eigna bustad innan fire månader frå vedtaket er fatta, skal saka avsluttast. Skriftleg orientering om avslutta sak skal sendast til søkjaren.
Dersom søkjaren ikkje oppfyller vilkåra for kommunal bustad etter kapittel 2 i retningslinene, skal det fattast vedtak om at søknaden er avslegen. Vedtaket skal innehalde grunngjeving for avslaget og informasjon om klagerett.
4.3 Endra situasjon
Vedtak om leige av kommunal utleigebustad fell bort når
- situasjonen til søkjaren er endra frå søknadstidspunktet til inngåing av leigekontrakt, slik at søkjar ikkje lenger oppfyller grunnvilkåra i kapittel 2, eller
- søkjaren har fått to tilbod om bustad, men avslege båe.
Dersom vedtaket fell bort, skal det fattast skriftleg vedtak om avslag.
4.4 Leigetid og depositum
Kommunal utleigebustad blir som regel tildelt for ei periode på tre år, med gjensidig frist for oppseiing på tre månader.
Det kan fattast vedtak om tidsbestemt leigekontrakt for stuttare periode enn tre år, jf. Lov om husleieavtaler § 11-1 sjette ledd.
Kommunen kan i leigeavtala krevje at leigetakaren stiller med depositum eller garanti frå NAV før innflytting i bustaden.
4.5 Fornying av leigekontrakt
Dersom leigetakaren ynskjer å fornye leigeavtala, må det søkjast om dette minst seks månader før leigeavtala går ut. Det skal i søknaden gå fram og dokumenterast kva leigetakaren sjølv har gjort for å skaffe seg bustad i den private marknaden.
Dersom vilkåra i kapittel 2 er oppfylte og det ikkje finst alternative moglegheiter for søkjaren, fattar kommunen nytt vedtak. Søknaden kan bli avslegen dersom det ligg føre misleghald av nåverande avtale, jf. også punkt 2.6 og 2.7.
Dersom kommunen fattar vedtak om ny leigekontrakt, blir det samtidig gjort vurderingar rundt kor vidt husstanden sin nåverande situasjon tilseier at det bør tildelast ein annan eigna bustad.
4.6 Vedtak om byte av bustad
Dersom leigetakar i kommunal bustad ynskjer å byte bustad, må det leverast skriftleg søknad om dette. Byting av bustad i kommunen si bustadmasse kan innvilgast søkjarar som oppfyller desse vilkåra:
a) søkjar må på grunn av økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold vera ute av stand til å skaffe seg bustad på eiga hand, og
b) nåverande bustad er ueigna, og
c) søkjar kvalifiserer til å bli prioritert til byte av bustad etter kapittel 3 i retningslinene.
4.7 Klagerett
Vedtak etter desse retningslinene er enkeltvedtak etter Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker kapittel V. Klage og omgjering av vedtaket fylgjer av same lov kapittel VI. Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet mottakaren har fått beskjed om vedtaket.
Kommunen er klageinstans.