Ungdomsrådet er ei gruppe ungdommar som snakkar på vegner av alle barn og unge i kommunen. Vi seier meininga vår i sakar som handlar om oss – til politikarar og tilsette – slik at ungdomsrøysta blir høyrd.
Vi møtest jamleg for å snakke om ting som betyr noko for ungdom og kome med eigne forslag.
Å vere med i ungdomsrådet er både lærerikt og sosialt – du får erfaring med samarbeid, demokrati og påverknad, og du får vere med og gjere Lom til ein enda betre stad å bu for ungdom!
Medlemmar i ungdomsrådet Møtekalender