Klubben er eit gratis lågterskeltilbod med fokus på å tilby ungdomane aktivitetar med trygge rammer og tilgjengelege vaksenpersonar. Alle arrangement er rusfrie.
Klubben har fokus på å gje ungdom tillit, og attende ynskjer vi at alle oppfører seg bra mot kvarandre, og tek vare på inventar og utstyr i lokalet på ein god måte.
Kva kan du gjere på klubb?
- Henge med vener, det er gratis WIFI i bygget
- Spele på konsoller
- Spele dart og biljard
- Spele på gamingrom, 4 stk pc-ar
- Høyre på musikk
- Sjå filmar
- I blant har vi utvida arrangement, som bukkeball, halloween osv.
Kvar tysdag etter skuletid har vi Ungdomsfritidsordning(UFO) på klubben. Her får elevane servert suppe, får leksehjelp om dei ynskjer og har elles ein plass å slappe av og kose seg
I regi av ungdomsklubben arrangerer vi også ulike friluftsaktivitetar, som til dømes «overlevelsesturen» Salt og Fyrstikker, fisketurar og fellefangstkurs.