Grunnskuleopplæring for vaksne
Alle vaksne som ikkje har grunnskule og som har behov for grunnskuleopplæring, har rett til ei slik opplæring. Dette gjeld både minoritetsspråklege og norskspråklege. Med vitnemål frå grunnskule eller realkompetansebevis kan eleven deretter søkja plass i vidaregåande opplæring. Eleven må ha godkjent karakter i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag.
Introduksjonsordninga
Alle busette innvandrarar i alderen 16 til 55 år som har fått opphaldsløyve i Noreg, har rett og plikt til å ta 550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap gjennom Introduksjonsprogrammet. Dette er eit toårig tilbod på heiltid. Innvandrarar mellom 55 og 67 år, har rett, men ikkje plikt til å følgja Introduksjonsprogrammet.
I løpet av denne tida skal deltakarane også ut i språkpraksis for å trene på norsk utanfor klasserommet, få arbeidspraksis og bli kjent med norsk arbeidsliv.
Familiegjenforeinte frå land utanfor EU/EØS har ikkje rett til gratis opplæring, men har likevel plikt til å gjennomføre lovpålagd opplæring i norsk og samfunnsfag.
Arbeidsinnvandrarar som ønskjer opplæring i norsk, blir bedne ta kontakt med Vaksenopplæringa for eventuelt å få tilrettelagt eit eige tilbod dersom det er kapasitet til det. Alternativet er å følgje vanleg undervisning på dagtid. Arbeidsinnvandrarar har ikkje plikt til å ta opplæring i norsk, og må betale eit gitt beløp kvart semester.