Praksisplass

Dei fleste flyktningar i introduksjonsprogram får tilbod om praksisplass i løpet av programtida. 

Gjennom praksis får deltakarane tilgang til det norske arbeidslivet og norsk språk, og får vist fram og auka kompetansen sin. Praksis kan også brukast for å styrke grunnleggande ferdigheiter, og for å kartlegge kompetanse og vidare kvalifiseringsbehov.

Praksis skal støtte opp under dei langsiktige måla i integreringsplanen til den enkelte deltakar. Føremålet og den individuelle tilpassinga skal avgjere lengde, innhald og metode i praksisen. Deltakarane har ulike forutsetningar, og har ulike opplæringsbehov undervegs i kvalifiseringsløpet. Føremålet kan derfor vere forskjellig for ulike deltakarar.

Eksempel på ulike føremål med praksis er:

  • å praktisere norsk i autentiske situasjonar kobla saman med norskopplæringa på vaksenopplæringssenteret
  • å koble teoretisk kunnskap og praksis innanfor eit yrke/fag
  • å styrke grunnleggande ferdigheiter
  • å få kartlagt kompetanse og arbeidsevner, og vidare kvalifiserings- og tilretteleggingsbehov
  • å vise fram sin kompetanse for ein arbeidsgjevar og få ordinær jobb
  • å vidareutvikle sine norskferdigheiter og annan kompetanse opp til eit gitt nivå for å bli tilsett hjå ein aktuell arbeidsgjevar
  • å få arbeidserfaring og ei referanse
  • å styrke nettverket sitt
  • å tilegne seg kunnskap om normer og reglar i arbeidslivet, og norsk arbeidslivskultur