Familieinnvandring- eller gjenforeining
Kommunen kan rettleie og følge opp personar som er gjenforeint med familie som har budd i Vågå/Norge i mindre enn fem år.
Tilbodet gjeld personar som vil få rett og plikt til å gjennomføre introduksjonsprogrammet og/eller som har familie som bur her og allereie er i gang med introduksjonsprogrammet.
Dette gjeld følgande grupper:
- Familiegjenforeinte til personar med flyktningestatus eller som har fått opphald på anna grunnlag i kommunen.
- Familiegjenforeinte med personar som er overføringsflyktningar som er busette i kommunen.
- Familiegjenforeinte med personar som er, og tidlegare har vore einslege mindreårige i kommunen.
Sist endret 11.05.2026 09.45