Har du ledig bustad til flyktningar?
Vågå kommune arbeider kontinuerleg for å skaffe nok bustadar til nyankomne flyktningar. Trygg og eigna bustad er viktig for at familier og enkeltpersonar skal få ein god start i kommunen.
- Bustaden bør vere sentrumsnært.
- Bustaden treng ikkje vere møblert.
- Utleigeprisen må ikkje overstige marknadsprisen. Husleige er noko den enkelte dekker sjølv av eiga inntekt/stønadar.
Har du ein bustad som kan vere aktuell?
Registrer bustaden
Ynskjer du å hjelpe som friviljug?
Døme på oppgåver som det kan trengast hjelp til er:
- fadder/støtteperson
- praktisk hjelp, til dømes skruve saman møblar.
- språkhjelp/oversettar
- hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet
I vaksenopplæringa treng vi friviljuge som kan vere lesehjelp.
Flyktningtenesta har dessverre ikkje kapasitet til å ta i mot møblar, klede og andre ting. Brukte klede og mindre gjenstandar kan donerast til Ting og Tøy i Vågå.