Busetting av flyktningar

Vågå kommune tek imot flyktningar etter avtale med IMDi. Vi legg vekt på å gi kvar enkelt ein trygg start og gode moglegheiter til å bli ein del av fellesskapet.

  • Alle flyktningar som blir busette i Vågå etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), har opphaldsløyve i Noreg.
  • IMDi ber kommunane om å ta imot flyktningar, og det er kommunestyret som bestemmer kor mange som skal busettast i Vågå kvart år.
  • Flyktningetenesta har ansvar for å leggje til rette for busettinga og for å gjennomføre introduksjonsprogrammet. Dette skjer i tett samarbeid med vaksenopplæringa. 

God start i Vågå

Når ein flyktning eller familie kjem til Vågå, får dei oppfølging og praktisk hjelp den første tida. Dei får rettleiing om helse, økonomi, bustad og korleis ein kan ta del i arbeids- og samfunnsliv.

Arbeidet er eit samarbeid mellom mange – både innanfor kommunale tenester, lokalt næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar. 

I Vågå ynskjer vi at alle skal kjenne seg velkomne og bli ein del av fellesskapet vårt.