Eit framtidsretta bustadtilbod
Grindstugulego har som mål å utvikle eit godt og framtidsretta bustadtilbod for seniorar som ønskjer å flytte frå einebustad til ein meir lettstelt og tilrettelagt bustad.
Det er planlagt 26 leilegheiter med gode fellesareal og nærleik til butikkar, helsetenester og andre sentrumsfunksjonar.
Prosjektet legg til rette for både seniorbustader og omsorgsbustader.
Sentralt i Vågå
Prosjektet ligg sentralt i Vågåmo med kort avstand til
- Butikkar
- Helsesenter
- Offentlege funksjonar
Dette gir ein enklare kvardag med det du treng i nærleiken.
Kven står bak prosjektet?
Prosjektet blir utvikla av Vågå kommune i samarbeid med relevante fagmiljø og samarbeidspartnarar.
Det er lagt vekt på:
- god planlegging
- realistiske løysingar
- tett dialog med målgruppa gjennom ein eigen byggekomite.
- Byggekomiteen vart utnevnt på folkemøtet i september 2025.
Vi har også knytt til oss rådgivarar med erfaring frå etablering av burettslag.